Position Overview
Om stillinga
Førde legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 1400 listepasientar fordelt på 2 kommunalt tilsette fastlegar.
Me har ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste med tak på 600 pasientar. Pasientlista vert ivaretatt av vikar.
I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 40% stillings storleik. Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 2-3 vakter )
Kommunestyret i Sveio vedtok sommaren 2025 å slå saman legekontora i kommunen til eit felles legekontor i Sveio sentrum, og planlegginga av dette er i gang.
Arbeidsoppgåver
- Fastlege for liste med tak på 600pasientar
- Tilsynslege 40 % Sveio omsorgssenter (2 dagar i veka)
- Tilplikta legevakt i int...