Flexible Work, Better Balance
Lunde barneskule er ein 1-7 skule med rundt 300 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året. Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære».
Arbeid med barn i skule og SFO, i opningstida kl. . I tillegg til skuleruta, har vår skule ferieøpe SFO for Os-sida av kommunen. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida de...