Position Overview
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
**Fadder
- og mangfaldskoordinator (to 50%-stillingar)**
Velkomstveka er ofte det første møtet med Universitetet i Bergen (UiB) for nye studentar. Den er difor viktig for å legge eit godt grunnlag for ein god start på studia og ein ny kvardag. Velkomstveka er ei innhaldsrik veke med mange ulike aktivitetar og arrangement, der vi har som mål å legge til rette for eit mangfaldig tilbod til alle studentgrupper. Det er mange bidragsytarar som deltek for å gje alle nye studentar ein best mogleg studiestart.
Vi lyser ut to 50 % stillingar. Stillingane er mellombelse og tilsetjingsperioden strekker seg frå november ut august 2026.
Fadderaktivitetar er ein viktig del av velkomstveka og skal bidra til at dei nye studentane blir kjente med...