Position Overview
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Om stillinga
**Bli med på verdas største grøne revolusjon innan hurtigbåttransport!**
Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje
- og hurtigbåttransport. No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eit nybygg, som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordlandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen sentrum.
Fjord1 søkjer no ein **ambulerande overstyrmann**til desse hurtigbåtrutene.
**Om fartøya og stillinga**
I Askøyruta vil du segle med M/S Kleppestø og M/S Florvåg, tidlegare M/S Terningen og M/S Tyrhaug, som no blir bygde om til moderne, elektrisk drift. I Nordhordlandsruta vil det toppmoderne nybygget M/S Alversund gå. Du vil tenestegjere ombord på fartøya i rute etter behov, og når det ikkje er behov i rute, vil du ha base på reservefartøy i Bergen sentrum.
Som ambulerande overstyrmann vil du ha fast grunn...