Position Overview
**Om stillinga**:
**Er du spesialsjukepleiar, eller sjukepleiar, på jakt etter ei spanande og lærerik utfordring?**
Hos oss får du ein kvardag fylt med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Som ein del av teamet vårt vil du jobbe med pasientar som treng alderspsykiatrisk kompetanse, der miljøbehandling, tverrfagleg samarbeid mellom ulike profesjonar med pasienten i fokus, samt tett samarbeid med pårørande og kommunen, er sentralt.
Du vil få delta, og bidra, i internundervisning og rettleiing av studentar og nytilsette.
**Dei tilsette skildrar arbeidsmiljøet hos oss som inkluderande og ein stad der alle ser kvarandre. Det er ein veldig kjekk arbeidsplass, og alle som byrjar her, også studentar, opplever seg svært velkomne, seier funksjonsleiar Reidun Erland.**
Du vil få eit skreddarsydd opplæringsprogram og ein fleksibel årsplan som kan tilpassast dine ønskje. Vi legg til rette for at du kan trivast både på jobb og i fritida med fantastiske friluftsmoglegheite...