Flexible Work, Better Balance
Vi søker etter byggeleiar for fleire spennande vegprosjekt i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Prosjektorganisasjonen har ei variert portefølje. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Vi er i gang med oppbemanning av prosjektorganisasjonen og søker no etter byggeleiar innanfor veg. Du vil inngå i eit team med blant anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande og rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar vil styre på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og utføringsfasen. Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fy...