Position Overview
Sunnfjord kommune Bu
- og avlastningstenesta
Hafstadvegen 42, 6809 Førde
Om jobben
Lagre favoritt
Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Søk senest søndag 26. juli
Bu
- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne
- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på roleg...