Position Overview
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage Frist Ansettelsesform Fast Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Lysekloster barnehage. Barnehagen treng barnehagelærarar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte. I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Lysekloster barnehage ligg vakkert til på Edne, like ved Lysekloster idrettsplass og skule. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar området til å koma oss til skogs, til fjells og til sjøen. Vi har 5 avdelingar og per no 79 barn i alderen 0 6 å...