Flexible Work, Better Balance
Giske barnehage har ledig to mellombelse stillingar på omlag 70 % som barne- og ungdomsarbeidar barnehageåret 2026/2027. Eine stillinga inneber arbeid 5,5 timar kvar dag, 5 dagar i veka. Ein må oppgi i søknaden dersom ein søkjer på bare ei av stillingane.
Barnehagen har fire avdelingar med 65 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur. Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha e...