Position Overview
Om stillinga
Haukeland universitetssjukehus er regionalt traumesenter i Helse Vest. Traumesenteret mottar kring 550 traumepasientar årleg, der omkring 175 av dei blir rekna som alvorleg eller livstruande skadd.
- og overvakingseiningane, samt visitt på sengepostane. Legar og sjukepleiarar ved Traumesenteret underviser i traumatologi gjennom kurs i traumesjukepleie, teamtrening og hemostatisk nødkirurgi. Vi driv óg mykje undervisning på høgskular (Bachelor i sjukepleie, spesialsjukepleie), av legestudentar, internt på andre avdelingar på sjukehuset, og på andre sjukehus i Helse Vest. Traumesenteret har ansvar for rapportering til Nasjonalt traumeregister (NTR) og legane må kunne støtte registrarene i å tolke anatomisk omfang av ulike skadetypar. Dei tilsette ved Traumesenteret blir oppmoda om å forske på registeret som omfattar over 9000 pasientar.
Som avdelingssjef for Traumesenteret har du eit overordna og sjølvstendig ansvar for å sikre best klinisk praksis, god pasientbehan...